VTA

Ledige VTA-plasser: Sjå forside

VTA er forkortelse for Varig Tilrettelagt Arbeid. VTA-plass er for personar som av ulike grunnar ikkje kan få arbeid i den ordinære marknaden. Tilbodet er retta mot personer som har eller i nær framtid forventar å få innvilga uførestønad.

Ein VTA-deltakar er ein arbeidstakar som er tilsett hos ASVO Fusa AS, og tiltaket er ikkje tidsavgrensa.

Arbeidtakaren arbeider med produksjon og omsetjing av trevarer og tenester, i tett oppfylging av arbeidsleiarar. I den daglege kommunikasjon, og i den årlege medarbeidersamtalen er arbeidstakaren den sentrale. Arbeidstakarens ynskjer og mål er utgongspunkt for planlegging av vidare aktivitet i verksemda, og ut frå aktivitetsplanen blir arbeidet tilrettelagt for den enkelte arbeidstakar.

ASVO Fusa AS har 15 godkjente VTA-plassar.